Me har framstilt og laga grafiske produkt i snart 80 år, og torer utan å ta munnen for full kalla oss sjølv for ekspertar innan faget. Alle tilsette er faglærde på sine område, og me jobbar etter slagord vårt, som er: «Frå ide til produkt.»

Me er tilgjengelege for deg som kunde med nettopp dette. Det er skrive bok om pressehistoria i Sogn og Fjordane, der IHP AS har spela ei ikkje ubetydeleg rolle gjennom snart 80 år. Enno er me med på å påverka denne historia på ein sterk, tydeleg og bevisst måte.

Me har eit av dei mest moderne trykkeria på Vestlandet. Den nye 4-fargers trykkmaskina Heidelberg Speedmaster gjer at me kan ta på oss dei fleste oppdrag – både store som små. Dette, godt blanda med svært proffe og serviceinnstilte menneske, gjer at resultatet blir av beste kvalitet til låg kostnad – om pris betyr noko?

Me står for den daglege produksjonen av Sogn Avis, og utfører ein del tenester for avisa Ytre Sogn. Der er me også ein av eigarane.

Tilsette

jrn_utklyppa_tint

Jørn Njøs

Grafisk formgjevar
Telefon: 975 17 600
E-post: jn@ihp.no

sten_robert

Sten Robert

Trykk

Harry Eggum

Erlend Næss

Ferdiggjering

ingvald

Ingvald

Dagleg leiar

E-post: ingvald@ihp.no